Leil. 13 ligg i 3 etg. i sentrum med utsikt over Sogndalsfjøra og fjorden. Den  inneheld gang, to bad, kjøkken, 4 soverom, stove, luftebalkong, samt stor bod i sokkeletg. Leil er på ca 100 m2, har parkett på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, sentralstøvsugar, balansert ventilasjon med høg varmegjennvinnigsgrad, varmepumpe i stove, og elektrisk utvendig solskjerming. Stove og soverom har veggmontert flatskjem på henholdsvis 42", 32" og 24" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett. Soveromma og stova har uttak for breibånd (fiber i bygget), og internett inkl. i leiga.
 
Bad 1 har vask med skuffer under, WC, dusjhjørne og boblekar. Det er varmekabel i golv og lyset er downlightar styrd over bevegelsessensor.
Bad 2 har vask med skuffer under, WC, dusjhjørne og vaskemaskin. Det er varmekabel i golv og lyset er LED downlightar styrd over bevegelsessensor

Gangen har god plass for klær og sko, LED downlight med dim og sentral for straum og vatn.
Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, oppvaskmaskin, ventilator og mykje skåpplass. Belysning er LED med dim.

Stova har eit pyramideforma takglass på 2 x 3 meter. Der får ein ned mykje lys og ser heile stjernehimmelen i klåre kveldar. Stove/kjøkken er møblert med spisebord og sofa
Soveromma har1 meter skåp kvar med heng og skuffer. Romma vert levet med rammemadrass 120x200.
Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc.

Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 6 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar. Kostnad med straum er med erfaringstall satt til kr 400 pr. leigetakar pr. mnd.