Leil. 15 ligg i 3 etg. i sentrum med utsikt mot vest og fjella.
Den  inneheld kombinert  kjøkken/stove/sovekrok, eige bad, rom med vaskemaskin, samt stor bod i sokkeletg. delt med leil 14. Leil. er på ca 18 m2, + bod i sokkel,har parkett med golvvarme på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, sentralstøvsugar, balansert ventilasjon med kjøling om sommar og varme om vinter. Høg gjenvinningsgrad.
 
Stove/soverom har veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett. Det er fibernett i bygget, og trådlaust internett inkl. i leiga. Det er og vegguttak for breibånd. LED downlight med dim. i tak. Kjøkken har klaffebord i enden av benk, kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator og godt med skåpplass. Belysning er LED med dim. Seng som rammemadrass på 140 cm. Stovekrok er umøblert.

Badet er flislagt og har vask med skuffe under, speilskåp, veggmontert WC, og stor dusjnisje med saloondørar. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.

Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc

Leigetakar han saman med leil. 14 ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 13 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar. Straumforbruket er minimalt då forbruket til den balanserte ventilasjonen med varmetilskot går inn i den faste husleiga, samt at det er varme rom både over, under og på sidene.

Straumforbruket er logga gjennom fleire år, og er av erfaringstall satt til kr 350 pr. leigetakar pr. mnd.  Bygget har systemlås, samt opplinking mot securitas og vaktsentral.