Leil. 16 ligg i 2 etg. i sentrum med utsikt over Sogndalsfjøra og fjorden. Denne leil. er oppbygd som to hybelleil. (To rom som har eige oppholdsrom/sovealkove)og delt bad/kjøkken , samt stor eigen bod og felles vaskemaskin/tørketrommel over myntaautomat i sokkeletg. Leil er samla på ca 50 m2, har parkett på alle golv, og lyse vegger og  tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg,  balansert ventilasjon med kjøling om sommar og varme om vinter, innvending og utvendig solskjerming. Det er fibernett i bygget, og trådlaust breibånd inkl. i leiga. Det er eigen undermåler for straum for leiligheita. Straumforbruket er minimalt då forbruket til den balanserte ventilasjonen med varmetilskot går inn i den faste husleiga, samt at det er varme rom både over, under og på sidene. Bygget har systemlås, og opplinking mot securitas og vaktsentral.

Oppholdsrom har led belysning med dim, veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett, arbeidsbord og kontorstol. Stovekrok har vinkelsofa.

Sovealkove har høgskåp og 6 stk overskåp 90 x 80 cm. Rammemadrass 140 x 200 og skjerming mot oppholdsrom. ( Leigetakar må holde overmadrass for å beskytta senga.) Knaggar for oppheng av klær. 

Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator, oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Det er flislagt over benk, belysning er LED med dim. og det er med klaffebord med sitjeplass til fire.
 
Badet er flislagt og har vask med fire skuffer under, WC, og stor dusjnisje med saloondørar. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.
 
Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski.  

Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 13 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.