Leil. 19 ligg i 2 etg. i sentrum med utsikt mot dalen og fjella. Leil. 19 har stove/kjøkken, sov og bad, samt stor eigen bod og felles vaskemaskin/tørketrommel over myntaautomat i sokkeletg. Leil er samla på ca 35 m2, har parkett på alle golv, og lyse vegger og  tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg,  balansert ventilasjon med kjøling om sommar og varme om vinter og innvendige persienner for skjerming. Det er fibernett i bygget, og trådlaust breibånd inkl. i leiga. Straumforbruket er minimalt då forbruket til den balanserte ventilasjonen med varmetilskot går inn i den faste husleiga, samt at det er varme rom både over, under og på sidene. Bygget har systemlås, samt opplinking mot securitas og vaktsentral. 
 
Stove har led belysning med dim, veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett, arbeidsbord og kontorstol. Stovekrok er umøblert. I rommet er det eit høgskåp med speildørar. Det er mulig med konnekt mot hybelleil. 22 via lyd og branndør ved skåp. (Ved separat utleige er denne døra låst).
 
Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator, oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Det er flislagt over benk, belysning er LED med dim. og det er med klaffebord med sitjeplass til fire. 
 
Soverom har veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett. Arbeidsbord, kontorstol, rammemadrass Sultan 140 x 200 cm. ( Leigetakar må holde overmadrass for å beskytta senga.) Høgskåp med speildørar og to stk. overskåp 90 x 80 cm. 
 
Badet er flislagt og har vask med skuffer under, WC, og stor dusjnisje med saloondørar. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar. 
 
Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc.

Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 13 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.