Leil. 1 ligg i 2 etg. i sentrum med utsikt mot vest og mot syd. Den  inneheld  kjøkken, eige bad, stor hybel,         ( kan brukast som stove) og mindre hybel/soverom, samt stor eigen bod i sokkeletg. 
Leil er på ca 35 m2, har parkett på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, balansert ventilasjon med høg varmegjennvinnigsgrad. (Dette ligg inne i den faste leiga.) 

Soveromma har veggmontert flatskjem på 32" som  kan knyttast opp mot pc eller digitalt bakkenett. Det er uttak for breibånd i begge romma (fiber i bygget). Internett er inkludert. Det er høgt garderobeskåp med heng og skuffer og speildørar i begge romma. Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Belysning er LED.  Det er mykje skåpplass, seng som rammemadrass, 120 cm på stort rom og 90 cm på mindre rom. Begge romma har skrivepult og kontorstol.

Badet er flislagt og har speilskåp, WC, og dusjnisje. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.  Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc. Her er og vaskemaskin og tørketrommel over myntautomat. Boder og stort rom har god ventilasjon så dette kan nyttast til tørking av klær etc.

Kvar Leil.  han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 6 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.