Leil. 4 ligg i 3 etg. i sentrum med utsikt mot sør og fjorden . Den  inneheld  kjøkken/stove, stor sørvendt takterasse med doble dørar ut frå stove, bad, og soverom, samt stor bod i sokkeletg.  Leil er på ca 30 m2, har parkett på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, balansert ventilasjon med høg varmegjennvinnigsgrad. (Dette ligg inne i den faste leiga.)

Stove har veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett. Det er uttak for breibånd i stove og soverom (fiber i bygget). Internett er inkl. i leiga.  Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Belysning er LED.  Det er mykje skåpplass. Stovekrok har sofa, kjøkken har klaffebord med to stolar.

Soverom har to kommoder, oppheng forklær, veggmontert klaffebord, og seng som rammemadrass på 140x200. (Leigetakar må kosta overmadrass for å beskytte senga.)

Badet er flislagt og har speilskåp, WC, og dusjnisje. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.

Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc. Her er og vaskemaskin og tørketrommel over myntautomat.

Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 6 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.