Leil. 5 ligg i 3 etg. i sentrum med utsikt mot sør og fjorden . Den  inneheld  kjøkken/stove, stor sørvendt takterasse med doble dørar ut frå stove, bad, og to soverom, samt stor bod i sokkeletg.  Leil er på ca 40 m2, har parkett på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, balansert ventilasjon med høg varmegjennvinnigsgrad. (Dette ligg inne i den faste leiga.)
 
Stove har veggmontert flatskjem på 32" med plass til slott-modul for Digitalt bakkenett. Det er uttak for breibånd i stove og soverom (fiber i bygget). Internett er inkl. i leiga.  Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Belysning er LED.  Soverom har skrivebord, kontorstol, seng som rammemadrass på 140x200 og 120x200. (Leigetakar må kosta overmadrass for å beskytte senga.) Stovekrok har vinkelsofa og bord. kjøkken har klaffebord og to stolar.

Badet er flislagt og har speil, WC, og dusjnisje. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.
 
Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc. Her er og vaskemaskin og tørketrommel over myntautomat.
 
Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 6 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.