Leil. 7 ligg i sokkeletg. i sentrum med utsikt mot sør og gårdsrom. Den  inneheld  kjøkken/stove,  sørvendt terasse med dør ut frå stove, bad, og soverom, samt stor bod.  Leil er på ca 40 m2, har parkett på alle golv, og lyse fine fargar på vegger og i tak.  Den er utstyrd med profesjonelt brannvarslingsanlegg, balansert ventilasjon med høg varmegjennvinnigsgrad. (Dette ligg inne i den faste leiga.)  Det er uttak for antenne og  breibånd i stove (fiber i bygget). Internett er inkl. i leiga.  Kjøkken har kjøl/frys, micro, komfyr, keramisk platetopp, ventilator oppvaskmaskin og godt med skåpplass. Belysning er LED.  Soverom har Godt med skåpplass, seng som rammemadrass på 140x200 og golvvarme. (Leigetakar må kosta overmadrass for å beskytte senga.)  Stovekrok og kjøkken har golvvarme og er umøblert.

Badet er flislagt og har speilskåp, WC, og dusjnisje. Det er varmekabel i golv og lyset er Led downlightar.   Bod i sokkeletg. har faste hyller og god plass til syklar og ski. Det er og eit stort rom i sokkel som kan nyttast til prepping av ski etc. Her er og vaskemaskin og tørketrommel over myntautomat.   Leigetakar han ansvar for vask av fellesareal i sokkel, samt trapper og gangareal ein gong kvar 6 veke.  Vaskeliste vert satt opp! Ved utflytting leiger utleigar inn vaskebyrå som sikrar ein fullverdig nedvask av leiligheita. Kostnaden med dette betalar leigetakar.